Browse The Gjenvick-Gjønvik Archives Home Page

Veit og Gate: Daglegliv i Midtbyen i Trondheim 1880-1950

Front Cover - Veit og Gate: Daglegliv i Midtbyen i Trondheim 1880-1950

Kaldal, Ingar, Veit og gate: Daglegliv i Midtbyen i Trondheim 1880-1950, Oslo: Trøndelag Folkemuseum og Universitsforlaget (1997), 514 pages, hardcover, in Norwegian.

Overview

Veit and street: Daily life in central Trondheim 1880-1950

Veit mean to know (be certain or sure about (something)).

If one imagines life in a city street in 1880 and 1950, the one could easily imagine the big differences: in the sounds and smells, traffic and means of transport, in the way people were dressed in playful for the children and the diversity of human verksem¬der as Utspann themselves.

But in addition to that one would be seen and heard in the streets, occurred in the same period, much of the way of thinking of city life, and the importance and meaning content that was linked with the "street". This book describes how this arta in Central city of Trondheim. Children and adults, men and women, and people from different groups experienced street environments in the city in various ways.

And in Central City met the differences. One main question in the book is how women and men's lives were tied to the relationship between inside and out, home and away, nature and culture, private and public. The emphasis lies here on to reveal how such topics utspelte in the life of people in central Trondheim lived for a day.

The book is based on many sources, but the most important are newspapers, police archives, municipal archives, photo collections, travelogues, fiction, and not least, interviews with people who themselves have lived in Central City.

Back Cover

Back Cover - Veit og Gate: Daglegliv i Midtbyen i Trondheim 1880-1950

Om ein tenker seg livet ei bygate i 1880 og 1950, vil ein lett kunne førestille seg store forskjellar: i lydane og luktene, i trafikken og framkomstmidla, i måten folk var kledde på, i leiken til ungane og i mangfaldet av menneskelege verksem¬der som utspann seg. Men i tillegg til det ein ville kunne sett og hørt i gatene, skjedde i same perioden mye med måten å tenke byliv på, og med betydningar og meiningsinnhald som var forbundne med «gata». Denne boka skildrar korleis dette arta seg i Midt- byen i Trondheim.

Barn og vaksne, kvinner og menn, og folk frå ulike grupper opplevde gatemiljøa i byen på ulike måtar. Og i Midtbyen møttest forskjellane. Eit hovudspørsmål i boka er korleis kvinner og menn sine liv var knytte til forholdet mellom inne og ute, heime og borte, natur og kultur, privat og offentleg. Vekta ligg her på å få fram korleis slike tema utspelte seg i det livet folk i Midtbyen i Trondheim levde til dagleg.

Boka bygger på mange kjelder, men mellom dei viktigaste er aviser, politiarkiv, kommunearkiv, fotosamlingar, reiseskildringar, skjønnlitteratur og ikkje minst: intervju med folk som sjølve har levd i Midtbyen.

Forord

Dette prosjektet er utført for Trøndelag Folkemuseum, Sverresborg, Trond¬heim. Eit av formåla med det har vore å finne fram kunnskap som kan komme til nytte ved oppbygginga av ei ny byavdeling ved museet.

Prosjektet vart finansiert av Norges Forskingsråd, som løyvde pengar til to år med lønn. Pengane vart fordelte med eitt årsverk til underteikna, som har skrive boka, og eitt årsverk fordelt på to forskarassistentar. Dei arbeidde med å samle inn kjelder til prosjektet. Assistentane var historikarane Svein Gynnild og Hanna Mellemsether. Dei var ikkje berre gode kjeldestrevarar, men gode kollegaer når det gjaldt å diskutere tolkingar og analysar av det vi fann.

Ved Trøndelag Folkemuseum har fleire bidrege til prosjektet: Søknaden til forskingsrådet vart skriven av daverande konservator Berit Gullikstad. Sam- lingsforvaltar Arnstein Lund har arbeidd med å legge til rette bildematerialet. Museumsdirektør Petter Søholt og museumspedagog Ann Siri Hegseth Gar- berg har ytt hjelp og råd på fleire plan undervegs. Bildematerialet har fleire bidrege med; ei liste over dei finst bak i boka.

Takk til Trøndelag Folkemuseum, Norges Forskingsråd og alle som har ytt sitt til at prosjektet vart gjennomført. Takk også til alle i Universitetsforlaget som har gjort sitt til at boka kom ut, og til Tor Erik Jenstad for gode språklege råd. Utgiinga av boka er finansiert av Trøndelag Folkemuseum.

Ein spesiell takk går til alle som har stilt opp og fortalt om opplevingane sine i Trondheim. Namna deira står i kjeldeo ver sikta bak i boka. I teksten er dei dels anonymiserte, dels presenterte med fornamn, og i fotnotane er kvart intervju referert til med nummer, av omsyn til anonymiteten. Utan bidraga frå dei mange forteljarane, ville denne boka ha vorte mye fattigare både på sjel og viten.

Boka er utforma med tanke på fleire lesemåtar. Ho kan lesast som eit heile, men også bitvis. Kapitla er ordna tematisk, og ved hjelp av innhaldslista kan ein leite opp emne ein er spesielt interessert i. Boka inneheld mange historier, noen gir meining saman med resten, andre kan godt lesast for seg sjølv.

Ingar Kaldal,
Trondheim september 1997.

Innhald

1. Emne og problemstillingar

  • Offentlege rom - kulturelle rom
  • Kvinneleg og mannleg
  • Urbanitet
  • Møtestad
  • Midtbyen, Museumsplass og Bruveita
  • Kjelder og analysemåtar

2. Trondheim og Midtbyen

  • Lenge liten og oversiktleg by...
  • ... med breie gater...
  • ... og smale veiter
  • Midtbyen - midt i klassesamfunnet
  • Kvar sin by, kvar sin urbanitet

DEL I KULTURELLE PROSESSAR I BYEN OG GATENE FRÅ SIST PÅ 1800-TALET

3. Møte mellom gammalt og nytt

  • Leiken
  • Korleis gatene såg ut
  • Dyr, skit og lukt
  • Hestegater
  • Hestedrosjar, hesteomnibus og trikk
  • Syklane

4. Møte mellom høg og låg

  • Promenadegater
  • Gater å vise kva ein var i
  • Skøytebanen og skiarenaen
  • Byen møter bønder som «bønder i byen»

5. Nye møte med naturen

  • Frå beitemark til natur for turar
  • Hagetrongen
  • Trea, parkane og det grøne
  • Utsikt frå husa, gatene og byen - mot naturen

6. Stader å møte offentlege makter og meiningar på

  • Offentlege bodskapar og meiningar i gatene
  • Gatene som politiske arenaer
  • 17. mai
  • 1. mai - og ambivalens til 17. mai
  • «Ut på gata» - i fleire betydningar
  • Spontanitet og orden
  • Nasjonal fred og samling - i offentlege rom
  • Frigjering i folket og vår i naturen, verdig feira i gatene

7. Opplysningstid - mørke møter nye lys

  • Nye lys i gatene
  • Lys og mørke i kulturelle prosessar
  • Kongen, framsteget og kampen om lyset i gatene
  • Klasseforhold i nytt lys - og endring

8. Moralske møte

  • Det ureine, det sjuke og døden - privat og offentleg
  • Kroppsleg reinhald - privat og offentleg
  • Fyll og bråk - privat og offentleg
  • Gata som farleg
  • Heimen som trygg hamn - og fristad for vald og umoral?
  • «... synlig fra gaten »
  • Gate og heim i offentleg ideologi om god oppdraging

9. Minda-saka

  • Minda - ei jente i Trondheim
  • Kva hadde skjedd om natta på apoteket?
  • Offentleg debatt og gateopprør
  • Klassejustis
  • Moral som sosial eigenskap og offentleg tema
  • Kvinneleg og mannleg
  • Privat og offentleg
  • Lys og mørke - igjen
  • Makta i gata
  • Men korleis gjekk det med Minda?

DEL II KALVSKINNSGATA 1, HANS HAGERUPS GATE OG BRUVEITA - OG LITT MEIR OM DAGLEGLIV I BYEN FRAM TIL MIDTEN AV 1900-TALET

10. Kalvskinnet

11. Kalvskinnsgata 1

  • Huset og plassen
  • Dei som budde her, og inne hos dei
  • Strømmar av menneske
  • Fabrikken
  • Kontakt og distinksjonar mellom klassar

12. Hans Hagerups gate og Museumsplassen

  • Borgarleg miljø
  • Men «ikkje finare» og «ikkje betre»

13. Bruveita

  • Hus, folk og verksemder i området
  • Folk i Bruveita 2
  • Folk i Bruveita 4
  • Miljøet i Bruveita og der omkring
  • Skikkeleg og «pent», men «ikkje fint»
  • Mangfaldig fellesskap

14. Distinksjonar og harmonisering 239

15. Ungane og gata - arbeid, leik og spenning

  • Kontakten med vaksne
  • Ambivalens og grenser
  • Byen som stad å sanke i
  • Å gå ærend - og knyte moralske band
  • Å trille ungar - plikt og omsorg
  • Avisgut - pengar, marknad og organisering
  • «Visert» og bybod
  • Mangfaldig leik
  • Vidt omkring
  • Farlege plassar - for jenter, utfordring for gutar
  • Påkrigarferd 261 Politi og «hævar»
  • Gatespråk og «pent språk» - jenter og gutar
  • Skotthyll - leik med krav om å vere vaksen - og kar
  • Gata som plass å markere overgang frå barndom til manndom
  • Bort frå gata - inn i hus?

16. Menn i gatene - i den nye trafikken

  • Bilane
  • Kulturmøte
  • Bilen trong meir plass
  • Bilen som skrekk
  • Gatene i bilen sitt bilde
  • Nye lydbilde i gatene
  • Hestegata som gammalkarnostalgi
  • Nye bilgater - med nye menn

17. Kvinner i byen - heim og hus og å ta seg ut

  • Kvinnene i heimen. Og bort frå «gata» ? Men ikkje frå gatene?
  • Usunt å vere inne, og å gå på skole - for jenter
  • Viktig å ta seg ut - for kvinner, også for menn?

18. Plassar og vegar i det daglege livet

  • Vassposten, størhuset og klesloftet
  • Bakgarden
  • Doa - privat rom i offentleg søkelys
  • Badinga
  • Porten og portrommet
  • Trappa
  • På butikk
  • I parken

19. Ope og lukka, anonymt og nært

  • Opningar og stengsler mellom mellom ute og inne - og privat og offentleg?
  • Nærleik, avstand og kontroll 346 Gjennomsiktig og synleg

20. Sying og mangesysleri

  • Syersker
  • Glimt frå kvinneleg arbeidsmangfald
  • Hagesysling

21. Gater for turar, oppleving og helg

  • Tur i byen
  • Rundt Brattøra
  • På Nordre

22. Skogen og bygda, naturen og heimen

  • Ut i marka
  • Lasteplatt og Gråkallbane
  • Kyrkje, idrett eller friluftsliv (med kiosk, fest og restaurant?)
  • Ut og bade
  • Til Fossestua
  • På landet om sommaren...
  • ... med ulike motiv
  • ... til feriekoloni, helse, ånd og god oppdraging
  • ... landsbygda som modell for betre byliv, og som vitskapleg grunngitt gratismedisin mot byen sine sjukdommar
  • ... hytte - eller kanskj e også flytte ?
  • ... matauk, husmorferie og samfunnsøkonomi
  • Nye møte mellom by og land
  • «Landsbygd» og «natur» som urbane uttrykk
  • Tre i byen, bygge i skogen, eller «bere inn skogen»
  • For seg sjølv - i huset eller skogen
  • Apropos «natur» og «heim»: også i Nygaardsvold-retorikken

23. Kulturelle kodar i lys av krigens mørke

  • Angsten - og å halde seg heime
  • Makta i gatene 402 Omgang med fienden
  • « Disiplinerte tyske soldatar »
  • Farlege nordmenn
  • Kva var dei ein møtte i gatene?
  • «I same båt» - og klasse?
  • Det frie i det ufrie - og offentleg liv i private rom
  • Måneskinet og mørket...
  • ... og grensene mot lyset
  • Til hytta, bygda og skogen for fridom, samhald, mat og kamp
  • Fredsgatene - arena for heltekåring og gjenerobring
  • ...og uthenging av taparar
  • Forholdet mellom privat og offentleg, og kvinneleg og mannleg - i lys av forteljingane om heltar og svikarar under krigen

24. Avslutning 441

  • NOTAR
  • KJELDER
  • Minne og intervj u
  • Skriftlege kjelder
  • LITTERATUR
  • REGISTER
  • Bidragsytarar til illustrasj onane

INGAR KALDAL (f. 1955) er førsteamanuensis ved Historisk institutt, NTNU i Trondheim. Han har mellom anna skrive: Papirarbeidernes historie (1989), Arbeid og miljø ved Follafoss Tresliperi og Ranheim Papirfabrikk 1920-1970 (1994 - doktoravhandling) og Alltagsgeschichte og mikrohistorie (1994).

 

Return to Top of Page

Books About Norway, Norwegians or Norwegian/Americans in the Library of the Gjenvick-Gjønvik Archives

Search The Archives

Google Custom Search

Norway Book Titles